Nye momsreglar for elbil i 2027

Planlegg du å kjøpa ny elbil? Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2027 kan gjera mange elbilar dyrare frå nyttår. Hos Vossevangen Bil hjelper me deg med å finna din neste elbil frå MG eller Subaru – og kanskje er tida inne for å handla no

Kva skjer med momsen på elbil i 2027?

Regjeringa føreslår å senka momsgrensa for elbilar frå dagens 300 000 kroner til 150 000 kroner frå 1. januar 2027. Dersom forslaget vert vedteke, betyr det at mange nye elbilar kan verta opptil 37 500 kroner dyrare som følgje av auka meirverdiavgift.

For deg som vurderer å byta bil, kan det difor løna seg å planleggja kjøpet allereie no.

Kva betyr dette for prisen på ein ny elbil?

Her er eit enkelt rekneeksempel som viser korleis den føreslåtte endringa kan slå ut:

Bilpris før moms

Moms i 2026

Moms i 2027

300 000 kr

0 kr

37 500 kr

400 000 kr

25 000 kr

62 500 kr

500 000 kr

50 000 kr

87 500 kr

Eksempla viser berre meirverdiavgift, basert på regjeringa sitt forslag til momsgrense for 2027. Andre avgifter og kostnader kjem i tillegg. Faktisk utsalspris er også avhengig av prisane hos forhandlaren og eventuelle kampanjar.

Nokre av våre mest populære elbilar frå MG og Subaru

Hos Vossevangen Bil finn du eit breitt utval av elektriske modellar, frå kompakte elbilar til familie-SUVar med firehjulstrekk og god framkome. Enten du pendlar til jobb, køyrer ungane til trening, tek turen over fjellet eller brukar bilen til helgeturar og ferie, har me bilar som passar både kvardagen og fritida.

MGS6 EV

For hele familien

Ein romsleg elektrisk SUV med god komfort, moderne teknologi og moglegheit for firehjulstrekk. Eit aktuelt alternativ for familiar som treng plass og fleksibilitet, anten bilen vert brukt til kvardagskøyring på Voss, pendling eller lengre turar med familien.

 
 

MG4 Electric

Smart og kompakt

Ein praktisk elbil som passar godt til både pendling og kvardagskøyring, med moderne teknologi og gode køyreeigenskapar. Eit aktuelt val anten du stort sett køyrer lokalt på Voss eller pendlar vidare mot Bergen og andre delar av Vestland.

Subaru Solterra

Klar for norske forhold

Med firehjulstrekk, høg bakkeklaring og Subaru sitt fokus på framkome er Solterra eit naturleg alternativ for deg som ynskjer ein elektrisk SUV som taklar både kvardagskøyring, vinterføre og varierte vestlandsvegar. Ein bil som passar godt når forholda skiftar mellom dalføre og fjellovergangar.

Subaru E-Outback

Plass til fritiden

Ein elektrisk bil med permanent firehjulstrekk, god plass og framkome for deg som brukar bilen til meir enn berre turen til og frå jobb. Eit godt alternativ for deg som ynskjer plass til både familie, bagasje og aktive helger – anten turen går til fjells, på hytta eller vidare ut i landet.

Subaru Uncharted

Kompakt, elektrisk og klar for tur

Subaru Uncharted kombinerer kompakte mål med eigenskapar som passar godt til norske forhold. Han kan mellom anna leverast med firehjulstrekk, god bakkeklaring og lang rekkjevidd – eit spennande alternativ for deg som ynskjer ein litt mindre elbil, men framleis vil ha framkoma og tryggleiken Subaru er kjend for.

Din lokale bilforhandlar på Voss – også etter at bilen er levert

Å kjøpa ny bil handlar om meir enn rekkjevidd, utstyr og pris. Det handlar også om tryggleik og oppfølging i åra som kjem. Hos Vossevangen Bil møter du folk som kjenner både bilane og forholda på Voss og i regionen rundt.

Enten bilen skal brukast til korte kvardagsturar, pendling mot Bergen, køyring over fjellet eller lengre turar med familien, hjelper me deg med å finna ein modell som passar dine behov.

Me hjelper deg med å finna rett modell, vurdera finansieringsmoglegheiter og sjå på kva du kan få for bilen du har i dag.

Kom innom Vossevangen Bil for ein hyggeleg bilprat, sjå nærare på modellane og ta ein prøvetur. Saman finn me ei løysing som passar deg!

To menn står ved MG-bilene foran bilforhandleren.

Snakk med ein bileigar

Har du spørsmål om korleis bilen er i bruk? No kan du chatte direkte med ein som har kjøpt han før deg og brukar han i kvardagen.

Få ærlege svar baserte på ekte erfaringar.

Meld interesse

Eller kontakt oss om du har spørsmål

Nyheter

Subaru E-Outback lansert. Denne har mange venta på!

Vel mellom 0 % kampanjerente eller kr 60 000,- i prisavslag.
Subaru tek steget vidare inn i elbilmarknaden med lanseringa av Subaru E-Outback – ei elektrisk vidareføring av ein av merkets mest populære modellar i Noreg, med firehjulsdrift og opptil 523 km rekkevidd.

Les meir…

Lansering Subaru Uncharted

Vel mellom 0 % kampanjerente eller kr 60 000,- i prisavslag.
Subaru utvidar si elektriske modellportefølje med lanseringa av den heilt nye Subaru Uncharted – ein allsidig og robust C-SUV som kombinerer Subaru si velkjende framkome med eit moderne design.

Les meir…

Subaru Solterra – kampanje

Vel mellom 0 % kampanjerente eller kr 60 000,- i prisavslag.
Klar for norske forhold – året rundt. Subaru Solterra AWD kombinerer ekte firehjulstrekk med solid rekkjevidd og høg bakkeklaring, slik at du kjem deg fram uansett vêr og føre. Med avansert teknologi, god plass og imponerande framkomme får du ein elektrisk SUV som er like komfortabel i kvardagen som på tur til fjells.

Les meir…