Allereie MG-eigar? Då får du ekstra rabatt på din neste MG!

Køyrer du MG i dag og vurderer å byte bil? Då har vi gode nyheiter. Som eksisterande MG-kunde kan du no få opptil 30 000 kroner ekstra i rabatt når du kjøper ein ny MG4, MGS5 EV eller MGS6 EV hos Vossevangen Bil.

MG ønskjer å lønne eksisterande kundar som vel MG på nytt. Har du allereie ein MG – anten du eig eller leasar han – får du derfor ein ekstra lojalitetsfordel når du kjøper ein av dei aktuelle MG-modellane. Du treng ikkje å byte inn bilen du har i dag for å få fordelen.

Opptil 30 000 kroner ekstra i rabatt

Har du allereie ein MG, til dømes MG ZS, Marvel R, MG4 eller ein annan MG-modell, får du:

  • 20 000 kr ekstra i rabatt ved kjøp av MG4 Electric
  • 20 000 kr ekstra i rabatt ved kjøp av MGS5 EV
  • 30 000 kr ekstra i rabatt ved kjøp av MGS6 EV

Kan kombinerast med MG-kampanjane våre

Det som gjer lojalitetsfordelen ekstra gunstig, er at han kjem i tillegg til dei ordinære kampanjane på dei aktuelle MG-modellane. Det betyr at du som eksisterande MG-kunde ikkje treng å velje mellom lojalitetsfordelen og den aktuelle kundefordelen eller rentekampanjen.

Lojalitetsrabatten kan kombinerast med desse tilboda. Dermed kan det vere ekstra mykje å spare akkurat no dersom du allereie køyrer MG og vurderer å byte til ein nyare modell.

Klar for din neste MG?

Enten du ønskjer ein kompakt og sporty MG4, den romslege og allsidige MGS5 EV eller den større MGS6 EV, hjelper vi deg med å finne modellen og løysinga som passar best for deg.

Ta kontakt med oss, så reknar vi ut kva den eksisterande MG-en din er verd, kva kampanjar som gjeld, og kor stor samla fordel du kan få ved å byte til ein ny MG.

Velkomen innom for ein hyggeleg MG-prat og prøvekjøring!

Peder Hagelund

Sal Nybil & Bruktbil

epost: peder@vossevangenbil.no

Snakk med ein bileigar

Har du spørsmål om korleis bilen er i bruk? No kan du chatte direkte med ein som har kjøpt han før deg og brukar han i kvardagen.

Få ærlege svar baserte på ekte erfaringar.

Bestill prøvekøyring

Eller kontakt oss om du har spørsmål

Nyheter

Subaru E-Outback lansert. Denne har mange venta på!

Vel mellom 0 % kampanjerente eller kr 60 000,- i prisavslag.
Subaru tek steget vidare inn i elbilmarknaden med lanseringa av Subaru E-Outback – ei elektrisk vidareføring av ein av merkets mest populære modellar i Noreg, med firehjulsdrift og opptil 523 km rekkevidd.

Les meir…

Lansering Subaru Uncharted

Vel mellom 0 % kampanjerente eller kr 60 000,- i prisavslag.
Subaru utvidar si elektriske modellportefølje med lanseringa av den heilt nye Subaru Uncharted – ein allsidig og robust C-SUV som kombinerer Subaru si velkjende framkome med eit moderne design.

Les meir…

Subaru Solterra – kampanje

Vel mellom 0 % kampanjerente eller kr 60 000,- i prisavslag.
Klar for norske forhold – året rundt. Subaru Solterra AWD kombinerer ekte firehjulstrekk med solid rekkjevidd og høg bakkeklaring, slik at du kjem deg fram uansett vêr og føre. Med avansert teknologi, god plass og imponerande framkomme får du ein elektrisk SUV som er like komfortabel i kvardagen som på tur til fjells.

Les meir…