“MG4 Urban er eit spennande val for deg som ønskjer ein moderne og prisgunstig elbil til kvardagen på Voss og i områda rundt. Med god plass, smart teknologi og praktiske løysingar passar han like godt til jobbpendling mellom Voss, Granvin og Dale som til handleturar, fritidsaktivitetar og familieliv. Framhjulstrekket gir godt veggrep og god framkome under varierte køyreforhold, noko som kjem godt med på vegane rundt Voss. Dei smidige køyreeigenskapane gjer bilen enkel å bruke i Voss sentrum, samstundes som komforten og plassen gjer han godt eigna til lengre turar rundt om på Vestlandet. Med MG4 Urban får du ein allsidig elbil som dekkjer mange av behova i kvardagen, til ein svært attraktiv pris.“
- Kenneth Høyning, Dagleg leiar Vossevangen Bil
Ein elbil i kompaktklassen
Ein fornuftig og rimeleg elbil
MG4 Urban er eit spennande val for deg som ønskjer ein moderne og prisgunstig elbil til kvardagen på Voss og i områda rundt. Med god plass, smart teknologi og praktiske løysingar passar han like godt til jobbpendling mellom Voss, Granvin og Dale som til handleturar, fritidsaktivitetar og familieliv.
Dei smidige køyreeigenskapane gjer bilen enkel å bruke i Voss sentrum, samstundes som komforten og plassen gjer han godt eigna til lengre turar rundt om på Vestlandet. Med MG4 Urban får du ein allsidig elbil som dekkjer mange av behova i kvardagen, til ein svært attraktiv pris.
Framhjulstrekk som passar norske forhold
Nye MG4 Urban kjem med framhjulstrekk, som gir føreseielege og lettkøyrde eigenskapar i kvardagen. Med motoren framme og gode køyreeigenskapar er dette ei praktisk løysing for både køyring i Voss sentrum, dagleg pendling og varierande køyreforhold gjennom året.
Saman med moderne førarassistentsystem og smidige køyreeigenskapar gjer dette MG4 Urban til ein bil som passar godt til kvardagen på Voss og elles på Vestlandet.
Heilt ny E3-plattform
Batterikapasitet på 42,8 kWh
12.8"
Berøringsskjerm
Trådlaus lader
For smarttelefon
Rekkjevidd
Den heilt nye E3-plattforma spelar saumlaust saman med eit LFP-batteri på om lag 43 kWh og gir ei kombinert rekkjevidd på opptil 325 km (WLTP).
Varmepumpe er standard og bidreg til å redusere energiforbruket til oppvarming når temperaturen fell. Med DC-hurtiglading kan du lade batteriet frå 10 til 80 % på ned mot 28 minutt, med ein ladeeffekt på opptil 87 kW. Ladetida vil variere med mellom anna temperatur og ladeforhold.
Teknologi
Den 12,8-tommars HD-berøringsskjermen gir deg god oversikt over navigasjon og media, medan den 7-tommars førarskjermen viser den viktigaste informasjonen rett framfor deg. Begge er standard på alle utgåver.
Fysiske knappar styrer viktige funksjonar som klimaanlegget. Det gjer MG4 Urban enkel og intuitiv å betene under køyring.
Trådlaus Apple CarPlay™ og Android Auto™ koplar mobilen til bilen når du set deg inn, medan trådlaus lading* held telefonen lada. Nettbaserte appar* som Spotify, YouTube, TikTok og Amazon Music er integrerte og klare til bruk.
Komfort
Set deg godt til rette i oppvarma framsete. Oppvarma ratt gjer kalde vinterdagar meir behagelege, saman med eit manuelt justerbart førarsete i fire retningar.
Vel mellom fem køyremodusar – Normal, Sport, Øko, Snø eller Tilpassa – som lèt deg tilpasse køyreopplevinga etter behov og forholda på vegen.
Romsligheit
I MG4 Urban får du opptil 1 364 liter fleksibel bagasjeplass når bakseta er lagde ned. Bagasjerommet rommar opptil 577 liter, inkludert 98 liter oppbevaringsplass under golvet.
Her er det tenkt på heile familien, slik at du får med deg det du treng til både kvardagslege gjeremål og lengre turar.
FAQ
Kva er prisa på MG4 Urban?
Prisen på nye MG4 Urban startar på 199 900 kr.
Kva er rekkjevidda på MG4 Urban?
MG4 Urban har ei estimert WLTP-rekkjevidd på opptil 325 km. Med eit moderne LFP-batteri og eit avansert batteristyringssystem er bilen utvikla for effektiv energibruk gjennom heile året. Den faktiske rekkjevidda vil variere med mellom anna temperatur, køyrestil og vegforhold.
Kva er ladetiden på MG4 Urban?
Med DC-hurtiglading kan MG4 Urban lade batteriet frå 10 til 80 % på ned mot 28 minutt under gunstige forhold. Maksimal ladeeffekt er opptil 87 kW. Ladetida vil variere med mellom anna batteritemperatur og tilgjengeleg ladeeffekt.
Kor stort bagasjerom har MG4 Urban?
MG4 Urban har eit romsleg bagasjerom på opptil 577 liter, inkludert 98 liter praktisk oppbevaringsplass under golvet. Med bakseta lagde ned får du opptil 1 364 liter bagasjeplass
Tryggleik i kvardagen
MG Pilot er ein avansert pakke med førarstøttesystem som hjelper deg med å oppdage det som skjer rundt bilen. Med MG Pilot Custom kan du tilpasse innstillingane etter dine eigne ønskje og enkelt hente dei fram kvar gong du køyrer.
Automatisk naudbrems, filskiftevarsling, adaptiv cruisekontroll og blindsonevarsling bidreg til ei tryggare og meir avslappa køyreoppleving.
Naudbremsesystemet kan gripe inn dersom det oppstår fare for kollisjon, medan filhaldingsassistenten hjelper deg med å halde bilen innanfor køyrefeltet. Blindsonevarslinga gir ekstra oversikt over trafikken rundt deg.
MG4 Urban har oppnådd fem stjerner i Euro NCAP. Eit karosseri med høgfast stål og sju kollisjonsputer bidreg til god passiv tryggleik for alle i bilen.