Allereie MG-eigar? Då får du ekstra rabatt på din neste MG!

Køyrer du MG i dag og vurderer å byte bil? Då har vi gode nyheiter. Som eksisterande MG-kunde kan du no få opptil 30 000 kroner ekstra i rabatt når du kjøper ein ny MG4, MGS5 EV eller MGS6 EV hos Vossevangen Bil.

MG ønskjer å lønne eksisterande kundar som vel MG på nytt. Har du allereie ein MG – anten du eig eller leasar han – får du derfor ein ekstra lojalitetsfordel når du kjøper ein av dei aktuelle MG-modellane. Du treng ikkje å byte inn bilen du har i dag for å få fordelen.

Opptil 30 000 kroner ekstra i rabatt

Har du allereie ein MG, til dømes MG ZS, Marvel R, MG4 eller ein annan MG-modell, får du:

  • 20 000 kr ekstra i rabatt ved kjøp av MG4 Electric
  • 20 000 kr ekstra i rabatt ved kjøp av MGS5 EV
  • 30 000 kr ekstra i rabatt ved kjøp av MGS6 EV

Kan kombinerast med MG-kampanjane våre

Det som gjer lojalitetsfordelen ekstra gunstig, er at han kjem i tillegg til dei ordinære kampanjane på dei aktuelle MG-modellane. Det betyr at du som eksisterande MG-kunde ikkje treng å velje mellom lojalitetsfordelen og den aktuelle kundefordelen eller rentekampanjen.

Lojalitetsrabatten kan kombinerast med desse tilboda. Dermed kan det vere ekstra mykje å spare akkurat no dersom du allereie køyrer MG og vurderer å byte til ein nyare modell.

Klar for din neste MG?

Enten du ønskjer ein kompakt og sporty MG4, den romslege og allsidige MGS5 EV eller den større MGS6 EV, hjelper vi deg med å finne modellen og løysinga som passar best for deg.

Ta kontakt med oss, så reknar vi ut kva den eksisterande MG-en din er verd, kva kampanjar som gjeld, og kor stor samla fordel du kan få ved å byte til ein ny MG.

Velkomen innom for ein hyggeleg MG-prat og prøvekjøring!

Peder Hagelund

Sal Nybil & Bruktbil

epost: peder@vossevangenbil.no

Snakk med ein bileigar

Har du spørsmål om korleis bilen er i bruk? No kan du chatte direkte med ein som har kjøpt han før deg og brukar han i kvardagen.

Få ærlege svar baserte på ekte erfaringar.

Bestill prøvekøyring

Eller kontakt oss om du har spørsmål

Nyheter

MG kom best ut i NAF sin vintertest av rekkevidd

Tysdag 27. januar vart verdas største rekkeviddetest av elbilar gjennomført under nokre av dei mest krevjande vinterforholda ein bil kan bli utsett for.

Les meir…

Planlegg service og eu-kontroll – spar penger og tid hos Vossevangen Bil

Vi vil no gje kundane våre ein ekstra god grunn til å planleggje i forkant: Bestiller du service og EU-kontroll to månader før, får du 20 prosent rabatt på arbeid.

Les meir…