Nye MG4 er her

Oppdag nye MG4 EV Premium Extended Range med opptil 545 km rekkjevidd, nytt interiør og meir teknologi. Frå 299 900 kr

Lengre rekkjevidde og gode køyreeigenskapar

MG4 har etablert seg som eit attraktivt alternativ i elbilmarknaden, og no kjem modellen i ei oppgradert utgåve med fleire forbetringar både innvendig og utvendig.

Nye MG4 Premium Extended Range har eit batteri på 77 kWh som gir ei rekkjevidde på opptil 545 kilometer etter WLTP. Det gjer bilen til eit interessant alternativ for deg som ønskjer ein elektrisk bil som fungerer like godt til dagleg pendling som til lengre turar, anten du køyrer rundt på Voss, over fjellet eller vidare ut på Vestlandet.

Med bakhjulsdrift og ein elmotor på 245 hestekrefter byr MG4 òg på gode ytingar. Akselerasjonen frå 0 til 100 km/t tek berre 6,2 sekund.

Når du treng å lade undervegs, støttar bilen hurtiglading med opptil 144 kW. Under optimale forhold kan batteriet ladast frå 10 til 80 prosent på rundt 40 minutt.

Teal MG4 Electric kjører over en bro.
Heilt nytt interiør med større skjermar

Ei av dei største nyheitene finn vi inne i bilen. MG har gitt førarmiljøet eit betydeleg løft, med større skjermar, oppgraderte materialar og smartare løysingar.

Det digitale instrumentpanelet har vakse frå 7 til 10,25 tommar, medan den sentrale berøringsskjermen no måler heile 12,8 tommar.

Interiøret har fått mjukare materialar og ein ny, heva midtkonsoll med betre oppbevaringsmoglegheiter og trådlaus mobillading.

Samstundes har MG behalde fysiske knappar for viktige funksjonar som klimaanlegg og volumkontroll. Trådlaus Apple CarPlay og Android Auto er òg standard, slik at du enkelt kan kople mobilen til bilen.

MG4 Electric-interiør med digitale skjermer.
Meir komfort og tryggleik som standard

Den nye Premium-utgåva erstattar det tidlegare utstyrsnivået Luxury og blir levert med ei omfattande utstyrspakke.

Blant høgdepunkta finn vi:

  • Oppvarma ratt og oppvarma framsete
  • 360-graders kamera
  • Trådlaus mobillading
  • Trådlaus Apple CarPlay og Android Auto
  • Vehicle-to-Load (V2L), som gjer det mogleg å bruke batteriet i bilen til å drive eksternt elektrisk utstyr
  • Nye 18-tommars lettmetallfelgar
  • Oppgradert MG Pilot med førarassistentsystem

MG Pilot har fått ny kamerateknologi med eit frontkamera på 8 megapikslar. Med funksjonen MG Pilot Tilpassa kan du òg lagre dei føretrekte innstillingane dine for førarassistentsystema og hente dei fram med berre to trykk.

En mann ved en turkis MG4 Electric.
Oppdatert design og nye fargar

Også utvendig har MG4 fått nokre oppdateringar. Ein ny takspoiler og aerodynamisk utforma 18-tommars lettmetallfelgar gir bilen eit oppfriska uttrykk.

I tillegg blir fargeutvalet utvida med dei nye fargane Piccadilly Blue og Ealing Green

En blågrønn MG4-elbil sett fra høy vinkel.

Nye MG4 frå 299 900 kroner hos Vossevangen Bil

Med lengre rekkjevidde, oppgradert komfort og moderne teknologi har MG4 blitt eit endå meir aktuelt alternativ for deg som vurderer ny elbil. Nye MG4 Premium Extended Range får ein startpris på 299 900 kroner, og det er bilar tilgjengelege for levering allereie i 2026.

Er du nysgjerrig på nye MG4? Ta kontakt med oss for meir informasjon om modellen, prisar og tilgjengelegheit.

Velkomen til Vossevangen Bil på Voss – vi hjelper deg gjerne med å finne din neste elbil!

Snakk med ein bileigar

Har du spørsmål om korleis bilen er i bruk? No kan du chatte direkte med ein som har kjøpt han før deg og brukar han i kvardagen.

Få ærlege svar baserte på ekte erfaringar.

Meld interesse

Eller kontakt oss om du har spørsmål

Nyheter

Kampanje på nye MGS5 EV!

Vel mellom 0,99% kampanjerente eller kr 40 000,- i prisavslag
MGS5 EV er ein heilelektrisk SUV som leverer på alle frontar – og litt til. Med inntil 465 km rekkjevidde (WLTP), hurtiglading frå 10 til 80 % på berre 28 minutt, og ein akselerasjon på 6,3 sekund frå 0–100 km/t.

Les meir…

MG4 kampanje

Vel mellom 0,99% kampanjerente eller kr 30 000,- i prisavslag
MG4 har sporty design, moderne teknologi og gode køyreeigenskapar. Du kan enkelt velja den som passar ditt liv – anten du vil ha lengre rekkjevidd, meir luksus eller ein enkel og smidig bybil.

Les meir…

MG IM6– kampanje

Vel mellom 0,99% kampanjerente eller opptil kr 95 000,- i prisavslag
Oppdag ein ny standard for elektrisk køyreglede. Med rå yting, lynrask lading og ei rekkjevidd som tek deg langt utan bekymringar, kombinerer MG IM6 det beste frå teknologi, komfort og design – pakka inn i ein moderne SUV som gir deg mykje bil for pengane.

Les meir…