“MG 4 spenner vidt, avhengig av utsyrsnivå. Her kan du for en svært rimelig penge, få en fornuftig førstagangsbil i MG 4 49kW standard. Eller et sportsbilaktig råskinn i MG 4 X-Power.”
- Kenneth Høyning, Dagleg leiar Vossevangen Bil
Nye MG4 Electric – Ein urban elbil i kompaktklassen
Køyrekomfort
MG4 Electric er den første MG-modellen basert på den nye MSP-plattforma (modulbasert skalerbar plattform). Den intelligente konstruksjonen gir mange fordelar når det gjeld plass, vekt og tryggleik. Det gir høgare energiutnytting og betre køyreeigenskapar. Den er overraskande romsleg og har lang rekkjevidde.
Intelligent teknologi
Adaptiv fartshaldar, kø-assistansesystem og andre automatiserte køyrefunksjonar kjem som standard med MG4 Electric. Den intelligente teknologien sikrar deg trygge køyreforhold og lar deg nyte komforten med intelligent teknologi.
Ny MSP-plattform
AWD & RWD
10.1"
Berøringsskjerm
Trådlaus lader
For smarttelefon
Rekkjevidde
Lengre køyreturar er inga utfordring for MG4 Electric. Med ein estimert WLTP-rekkjevidde på opptil 450 km WLTP* og eit avansert batteristyringssystem, sikrar dette ein stabil og effektiv rekkjevidde sjølv i kalde klima.
MG4 Electric mogleggjer 26-minutters hurtigladeøkter frå 10 % til 80 % lading (avhengig av temperatur og last på straumnettet), med ei maksimal hastigheit på opptil 144 kW*.
Alle modellvariantar av MG4 Electric kjem med 3-fase AC-lading, med full lading over natta.
*Gjelder MG4 Electric Luxury 64 kWh
Teknologi
Interiøret er minimalistisk og elegant. Førarmiljøet består av eit «svevande» digitalt instrumentpanel og infotainmentsystem bak eit 2-eikers ratt.
Det digitale instrumentpanelet, saman med ein 7″ LCD-berøringsskjerm, gjev deg all nødvendig informasjon.
Den flytande berøringsskjermen på 10,25″ dempar refleksjonar frå sola og forenklar brukaropplevinga under sterkt sollys.
Ver tilkopla på turen med Apple CarPlay eller Android Auto. Få dei fleste funksjonane til telefonen din rett inn på bilens berøringsskjerm.
Komfort
Uavhengig av om det er vår, sommar, haust eller vinter vil vi sørgje for at du føler deg heime i MG4 Electric.
I kaldt klima vil rekkjevidda etter å ha lada MG4 Electric vere betydeleg lenger med varmepumpa. Varmepumpe kjem berre med modellvariantane Luxury og XPOWER.
Justerbare seter og ratt i MG4 Electric kan varmast opp når det passar deg. Oppvarma skinnratt og oppvarma forseter kjem i alle utstyrsversjonar.
MG4 Electric sin luftrensar vil gje deg rein og frisk luft gjennom heile bilturen.
Romsligheit
Med ei rein elektrisk arkitektur, og lang akselavstand på 2705 mm, er MG4 Electric overraskande romsleg.
Kvar familiemedlem er teken i betraktning slik at du kan få med deg det du treng for å utføre kvardagens gjeremål.
FAQ
Kva er prisa på MG4?
Prisen på MG4 er frå kr. 269.900,- (MG4 Standard)
Kva er rekkjevidda på MG4?
Lengre køyreturar er inga utfordring for MG4 Electric. Med ein estimert WLTP-rekkjevidde på opptil 450 km WLTP* og eit avansert batteristyringssystem, sikrar dette ein stabil og effektiv rekkjevidde sjølv i kalde klima. *Gjelder MG4 Electric Luxury 64kWh
Kva er ladetiden på MG5?
MG4 Electric mogleggjer 26-minutters hurtigladeøkter frå 10 % til 80 % lading (avhengig av temperatur og last på straumnettet), med ei maksimal hastigheit på opptil 144 kW*.
Alle modellvariantar av MG4 Electric kjem med 3-fase AC-lading, med full lading over natta.
*Gjelder MG4 Electric Luxury 64kWh
Kor stort bagasjerom har MG4?
MG4 Electric har eit romsleg bagasjerom på 350 liter med variabelt golv. Standard-utgåva har det største bagasjerommet på 363 liter, og kjem utan variabelt bagasjeromsgolv.
Funksjonalitet
360-kamera: Denne funksjonen tilbyr vidvinkelkamera for enkelt å parkere din MG4 Electric. Kommer med modellvariantane Luxury og XPOWER. Ny 2024-utgåve av MG4 Standard kjem med vanleg ryggekamera og 4 stk. ryggesensorar.
Med trådløs lader i kupéen kan du lade smarttelefonen eller andre einingar som kan lade trådløst. Kommer med Luxury, Trophy og XPOWER.
Med 500 kg godkjent tilhengervekt og 60 kg taklast får du med deg det du måtte trenge på turen.
Nøkkelfri adgang og ein trykkløs start for di tryggleik, sikkerheit og komfort. Tryggleik kjem som standard med MG4 Electric.