Robust elektrisk SUV
Den heilt nye Uncharted frå Subaru er ein kompakt og kraftfull el-SUV – skapt for norske forhold. Med eit robust og sporty design, høg bakkeklaring og solid framkome tek han deg trygt fram, uansett årstid. Samstundes byr han på smarte komfortløysingar og avansert tryggleiksteknologi som gjer kvar einaste tur både enklare og meir behageleg.
Vel mellom forhjulsdrift eller ekte firehjulsdrift.
No med 10 års garanti.
Kompakt og praktisk
laga for norske forhold
AWD og FWD
Valfri firehjulstrekk
Førehandsoppvarming av batteriet
Batteriet kan hurtigladast til 80 % på berre 28 minutt
Spreke ytingar
Du får rask og jamn akselerasjon i den elektriske SUV-en Subaru Uncharted – med umiddelbar respons frå første meter. Den kompakte og lette konstruksjonen gir presise køyreeigenskapar, medan det låge tyngdepunktet sørgjer for stabil og trygg framferd på norske vegar. Med kraftig motor og valfri firehjulsdrift (AWD) er denne elbilen frå Subaru utvikla for ekte køyreglede – året rundt.
Subaru Uncharted er utstyrt med eit kraftig litiumionbatteri med væskekjølt system som held optimal temperatur under alle forhold. Det gir stabile og pålitelege ytingar – sjølv i dårleg vêr, ved høg fart eller under hurtiglading. Denne elbilen er utvikla for norske forhold, der både kulde og krevjande køyremønster stiller høge krav til batteriteknologi og driftstryggleik.
Subaru Uncharted har lang rekkevidd og kan hurtigladast på ladestasjonar over heile landet og internasjonalt. Batteriet kan ladast til 80 % på berre 28 minutt (temperaturavhengig) med ein ladeeffekt på opptil 150 kW DC. Bilen kan òg leverast med 22 kW AC-ombordlader for raskare normallading heime eller på jobb. Med tilhøyrande app kan du fjernstyre ladinga direkte frå smarttelefonen.
Batteriførehandsoppvarming sikrar optimal yting og raskare hurtiglading i kaldt klima. Når du legg inn ein ladestasjon som reisemål i navigasjonssystemet, blir batteriet automatisk førehandsoppvarma før du kjem fram. Det reduserer ladetida betydeleg – sjølv ved temperaturar ned mot –10 °C.
AWD og X-Mode – permanent firehjulsdrift for nordiske forhold
Subaru Uncharted kan leverast med permanent firehjulsdrift (AWD) og X-Mode – utvikla for maksimal framkome under krevjande forhold. Den permanente firehjulsdrifta har eigen elektromotor framme og bak, og byggjer på Subaru si lange erfaring med AWD-teknologi.
I kombinasjon med X-Mode får du framkome i toppklasse – enten du køyrer på snø, is, grus eller våt asfalt. Den raske og presise responsen frå elektromotorane gir høg stabilitet og jamn kraftfordeling mellom fram- og bakaksel. Resultatet er ein elektrisk SUV som leverer trygge og stabile køyreeigenskapar under alle typar køyreforhold.
Førarplassen i Subaru Uncharted er utforma etter Subaru sine velkjende designprinsipp: god sikt, høg komfort og intuitiv bruk. Reine, horisontale linjer skaper ei romsleg og open kupé, medan det låge instrumentpanelet gir svært god sikt gjennom frontruta og viser viktig køyreinformasjon på ein oversiktleg måte.
Subaru har gjennom fleire tiår utvikla og testa avanserte tryggleikssystem. Uncharted er utstyrt med Subaru Safety Sense*¹ – eit moderne førarassistansesystem som hjelper deg å unngå kollisjonar og aukar tryggleiken i kvardagen. Modellen er bygd på den oppdaterte e-Subaru Global Platform, som gir betre kollisjonsvern og høgare strukturell tryggleik. Desse innovasjonane bidreg til auka tryggleik og færre ulukker i trafikken.
Tryggleikssystem inkluderer mellom anna:
- Antikollisjonssystem (PCS)*²
- Adaptiv cruisekontroll (DRCC)
- Varsel for kryssande trafikk framfor bilen (FCTA)
- Filskifteassistent (LCA)
Kompakt, men likevel romsleg bagasjerom
Trass i dei kompakte ytre måla har Subaru Uncharted eit romsleg og praktisk bagasjerom. Den store opninga gjer det enkelt å laste inn og ut – enten du har handleposar, barnevogn eller fritidsutstyr. Denne kompakte el-SUV-en kombinerer smidige bymål med god lastekapasitet i kvardagen.
- Elektrisk bakluke
Den elektriske bakluka kan opnast og lukkast enkelt med eit tastetrykk. Du kan òg justere opningsvinkelen etter behov – praktisk i låge garasjar eller tronge parkeringshus. - Variabelt bagasjeromsgolv
Det justerbare bagasjeromsgolvet kan stillast i to nivå. Øvste nivå gir ei jamn og praktisk lasteflate når du lastar inn og ut, medan nedste nivå gir ekstra djupn og betre plass til større gjenstandar.
Med Subaru Care-appen er du alltid tilkopla bilen din. Du får full oversikt over bilstatus, kan starte oppvarming før avreise og motta viktig informasjon direkte på mobilen. Med enkel fjernstyring gir appen deg betre komfort, meir kontroll og ein smidigare kvardag med din elektriske Subaru.
FAQ
Kva er prisen på Subaru Uncharted?
Kva er rekkevidda til Subaru Uncharted?
Subaru Uncharted har inntil 592 km WLTP-rekkevidd på lang-rekkevidde-variantar. Rekkevidda varierer med vald variant og kjøreforhold.
Kva er rekkevidda på vinterføre?
På veldig kalde dagar, særleg ved bruk av varmeapparat, kan rekkevidda reduserast til omlag 350 km.
Kor stort er bagasjerommet?
Subaru Uncharted har eit bagasjerom på opptil 452 liter, som gir god plass til både handleposar og fritidsutstyr.
Korleis fungerer batteriforvarming?
Batteriforvarming forbereder batteriet for hurtiglading ved låge temperaturar. Ved å legge inn ein ladestasjon som reisemål i navigasjonen, kan batteriet varmast opp før du kjem fram – noko som reduserer ladetida betrakteleg ned mot ca. –10 °C.
Kva hengervekt har Subaru Uncharted?
Uncharted kan ha 1500 kg hengervekt i AWD-variant og 750 kg i FWD-variant.
Hvilken SUV har høyest bakkeklaring?
Både Subaru Solterra og Subaru Uncharted har omlag 21 cm bakkeklaring, noko som gir god framkome for variert terreng og norske vêrforhold.
Kor lang tid tar hurtiglading?
Batteriet kan ladast til 80 % på berre 28 minutt (temperaturavhengig) med ein ladeeffekt på opptil 150 kW DC.