“Det er to ting jeg ønsker å fremheve med helt nye Subaru Solterra. Det ene er at AWD systemet har blitt enda bedre. Det oppleves gjennom mere stabil og behagelig kjøring under alle føreforhold, og hjelper deg spesielt godt på dårlig vinterføre. Enten du kjører i 90km/t på motorvei, eller du skal opp en bratt bakke. Det andre er opplevelsen av å sette seg inn i bilen. Det bare føles riktig! Gled deg til å prøve denne!”
- Kenneth Høyning, Dagleg leiar Vossevangen Bil
Ny Subaru Solterra med lengre rekkevidde
No lanserer vi ein heilt ny versjon av vår heilelektriske SUV – Subaru Solterra. Dette er den første store modellfornyinga sidan lanseringa, og markerer eit viktig steg vidare for Subaru si elektriske satsing. Den nye modellen er utstyrt med ei større batteripakke på 73,1 kWh, noko som gir auka rekkevidde og gjer bilen endå meir nytta for både kvardag og langtur. Nye Subaru Solterra kombinerer ekte firehjulstrekk med oppgradert teknologi, for trygg køyring i alle slags vêrføresetnader.
Dynamisk elegant design
Iøyenfallende design
AWD
Firehjulstrekk
Førsteklasses premium interiør
Høy teknologi og god plass
Solterra
XR X-MODE
Frå kr. 499.900,-
- Permanent firehjulstrekk X-Mode AWD
- Rekkevidde: Opptil 520 km* (WLTP)
- 18″ aluminiumsfelger
- Batteri: 73,1 kWt
- Motoreffekt: 343 hk
- 21 cm bakkeklaring
- Eyesight førarassistanse
- X-MODE m/Grip Control og Hill Ascent/Descent Assist
- Ombordlader: 22 kW
- Adaptiv Cruise Control
- Paddle Switches (regenerering)
- Hengarkapasitet: 1500 kg
- Varme i ratt
Solterra
XRS X-MODE
Frå kr. 529.900
- Rekkevidde: Opptil 470 km* (WLTP)
- Harman Kardon lydanlegg
- 20″ aluminiumsfelger
- Minne på førarsete
- Ventilerte seter
- 1500 kg hengervekt
Subaru Solterra AWD - no heilt ny
Subaru sin aller første elbil Solterra har blitt fornya. Framleis står Subarus kjenneteikn som tryggleik, kraft, plass, komfort og framkomelegheit i fokus, og no får du ein bil med endå raskare lading og betre tryggleiksfunksjonar. SOLTERRA hurtiglader inntil 80% på berre 30 minutt med effekt på opptil 150 kW.
Solterra kjem sjølvsagt med Subarus karakteristiske høge bakkeklaring. Med 21 cm avstand er den godt egna for alle slags terreng, og firehjulstrekket er kjend i bransjen som eitt av dei aller beste.
Nye Subaru Solterra er utstyrt med eit oppgradert 73,1 kWt litium-ion-batteri, som gir ei estimert rekkevidde på opptil 520 km (WLTP)*, perfekt for både kvardagskøyring og lengre turar.
Nytt er også optimalisering av batteritemperatur via førevarming som gjer lading både raskare og meir effektivt, særleg under kalde forhold. Systemet kan aktiverast på to måtar, automatisk via ruteplanleggjar eller manuelt ved behov.
Med støtte for 22 kW ombordlading (AC) og 150 kW DC-hurtiglading, får du fleksibel og rask lading, anten du lader heime, på jobben eller på vegen. Solterra er utvikla for å passe inn i ein elektrisk kvardag utan kompromiss.
Ny Subaru Solterra med betre hengarkapasitet
Dei nye elektriske motorane til Solterra leverer umiddelbart dreiemoment for jamn, kraftfull og responsiv akselerasjon, ideelt både i bytrafikk og på landevegen. Den oppgraderte modellen byr no også på dobla hengarkapasitet på heile 1500 kg, noko som gir deg endå større fridom til å dra hengar, campingvogn eller anna utstyr i kvardagen.
Subaru har lenge vore kjend for å ha eitt av dei beste firehjulstrekk-systema i verda. Solterra er ein av dei første heilelektriske SUV-ane som kjem med standard symmetrisk firehjulstrekk. Denne firehjulstrekkteknologien gir framifrå terrengkapabilitet, noko som gjer at Solterra kan ta deg til uoppdaga stader på ein berekraftig måte. I tillegg har Solterra køyrmodusen X-Mode, som hjelper deg gjennom ekstra vanskeleg terreng og føre.
Med kontrollsystemet X-MODE AWD og GRIP CONTROL tilpassar Subaru Solterra seg forholda når du køyrer. Dette skal sikre grep og gi trygg og komfortabel køyring. Om det har falle ein halvmeter med snø på vegen til fjellet, eller du befinn deg på den humpete vegen til hytta, er dette ein bil som får deg fram. Landet rundt, heile året.
Avansert tryggleiksystem
Subaru har lang erfaring innan utvikling av tryggleiksystem, og Solterra er utstyrt med assistentsystemet SUBARU Safety Sense. Systemet inneheld mellom anna antikollisjonssystem, adaptiv cruise control, filhaldassistent og filskiftevarsel. Du får også Driver Monitor System som held auga på føraren og varslar ved uoppmerksamheit, i tillegg til ei rekkje andre hjelpemiddel for ein tryggare biltur.
FAQ
Kva er prisen på Subaru Solterra?
Prisen på Subaru Solterra XR X-MODE er kr. 499.000,-
Kva er rekkevidda på Subaru Solterra?
Subaru Solterra har inntil 520 km WLTP-rekkevidde, avhengig av kva variant du vel velje.
Kor stort bagasjerom har Subaru Solterra?
Subaru SOLTERRA har opptil 452 L bagasjerom.
Kva er hengervekten på Subaru Solterra?
Subaru SOLTERRA kan ha 1500 kg hengervekt.
Kva SUV har høgast bakkeklaring?
Subaru Solterra har 21 cm frå bakken og er godt eigna for all slags terreng, og firehjulstrekket er kjend i bransjen som eit av dei aller, aller beste.