Langope hos Vossevangen Bil torsdag 12. februar

Torsdag 12. februar inviterer Vossevangen Bil til langope fram til kl. 19.00. Her får dei besøkande høve til å sjå og prøvekøyre MG S6 EV, MG sin nye elektriske SUV, modellen som nyleg kom aller best ut i NAF og Motor sin vintertest av rekkevidd. Bilen vert framleis levert med momsgaranti fram til 1. mars 2026.

Best i NAF og Motor sin rekkeviddetest

MG S6 EV imponerte stort i den siste vintertesten av rekkevidd gjennomført av NAF og Motor, der modellen presterte best av alle bilane i testen. Resultatet viser at MG S6 EV leverer reell rekkjevidd i toppklasse – også under krevjande vinterforhold.

Du kan lese meir om testen her:
https://vossevangenbil.no/4004/mg-kom-best-ut-i-naf-sin-vintertest-av-rekkevidd/

Ein ny elektrisk SUV i MG-familien

MG S6 EV er ein mellomstor elektrisk SUV som kombinerer moderne design, god plass og ny teknologi. Bilen er utvikla for både kvardagsbruk og lengre køyreturar, og passar godt for familiar som ønskjer ein romsleg og komfortabel elbil.

Modellen vert levert med anten bakhjulsdrift eller firehjulsdrift, og har ei oppgjeven rekkjevidd på opptil 530 km (WLTP), avhengig av utgåve. Hurtiglading frå 10 til 80 prosent tek rundt 38 minutt, noko som gjer bilen godt eigna òg til lengre turar.

Interiøret byr på eit oversiktleg og moderne førarmiljø med stor infotainmentskjerm, digitale instrument og støtte for trådlaus Apple CarPlay og Android Auto. Bagasjerommet er romsleg, og bilen er utstyrt med avanserte førarassistentsystem som gir auka tryggleik og komfort.

Beige MGS6 på snødekt vei ved innsjø og bakker.

Moglegheit for prøvekjøring

Under langope-dagen vert det mogleg å prøvekøyre MG S6 EV og få eit betre inntrykk av køyreeigenskapar, komfort og plass. For mange er prøvekjøring eit viktig steg før eit eventuelt bilkjøp. Arrangementet er ope for alle, både dei som vurderer ny bil, og dei som berre ønskjer å bli betre kjende med nye elbilmodellar.

Vossevangen Bil ønskjer velkomen til ein uformell og informativ dag med fokus på ein ny og prisvinnande elektrisk SUV frå MG.

I samband med langope vert det òg enkel servering av pølser frå kl. 15.00.

Momsgaranti ut februar

MGS6 EV

Fra kr. 409 379,-

Pris 1. mars, fra kr. 430 900,-

* Oppgitte rekkeviddetall er beregnet under testforhold. Tallene er kun ment for sammenligningsformål og gjenspeiler ikke nødvendigvis faktiske kjøreforhold. Den reelle rekkevidden kan variere avhengig av flere faktorer, som værforhold, kjørestil, kjøretøyets last og ekstrautstyr som monteres etter registrering.

** Tiden for 10–80 % lading gjelder ved bruk av en 150 kW lynlader under standardiserte testforhold. Faktisk ladetid vil variere avhengig av flere faktorer, inkludert – men ikke begrenset til – batteriets alder, ladeforhold, temperatur, eksisterende ladenivå, type lader og varighet av ladingen. Ladetiden vil øke ved bruk av ladere med lavere kapasitet. Tilgjengeligheten av 150 kW-kompatible ladere kan variere avhengig av lokasjon.

*** Momsgarantien vil dekke den foreslåtte økningen fra regjeringen i merverdiavgiften på ny beløpsgrense fra 300 000kr for alle MGS6 EV biler som blir registrert innen 01.03.2026. Momsgarantien dekker kun bilens pris og omfatter ikke norskmontert tilbehør som gummimatter, hengerfeste, vinterhjul og annet ekstrautstyr.

Snakk med ein bileigar

Har du spørsmål om korleis bilen er i bruk? No kan du chatte direkte med ein som har kjøpt han før deg og brukar han i kvardagen.

Få ærlege svar baserte på ekte erfaringar.

Nyheter

Kampanje på nye MGS5 EV!

MGS5 EV er ein heilelektrisk SUV som leverer på alle frontar – og litt til. Med inntil 480 km rekkjevidde (WLTP), hurtiglading frå 10 til 80 % på berre 28 minutt, og ein akselerasjon på 6,3 sekund frå 0–100 km/t.

Les meir…

Planlegg service og eu-kontroll – spar penger og tid hos Vossevangen Bil

Vi vil no gje kundane våre ein ekstra god grunn til å planleggje i forkant: Bestiller du service og EU-kontroll to månader før, får du 20 prosent rabatt på arbeid.

Les meir…