MG kom best ut i NAF sin vintertest av rekkevidd

Tysdag 27. januar vart verdas største rekkeviddetest av elbilar gjennomført under nokre av dei mest krevjande vinterforholda ein bil kan bli utsett for.

Rekkeviddetest av elbil om vinteren – derfor er resultata til å stole på

Med temperaturar som varierte frå minus 8 til heile minus 28 gradar, vart elbilar frå ei rekkje produsentar testa for å sjå kor godt dei faktisk leverer rekkevidd når vinteren verkeleg set inn. Testen er gjennomført av NAF og Motor, og følgjer deira strenge og etablerte testprosedyrar.

I staden for å måle kva bil som køyrer lengst i absolutte kilometer, fokuserer testen på avviket mellom bilens oppgjevne WLTP-rekkevidd og den faktiske rekkevidda som blir oppnådd under reelle vinterforhold. Bilen med lågast prosentvis avvik blir kåra til vinnar, noko som gir eit meir realistisk bilete av korleis elbilar faktisk presterer i kulde.

Heile testen kan lesast hos Motor her:

NAF og Motor rekkeviddetest

MG-elbilar blant testvinnarane i vinterkulde

I ein uavhengig rekkeviddetest i nordisk vinterklima presterte MGS6 EV og MG IM6 heilt i toppen blant ei rekkje etablerte elbilmodellar. MGS6 EV vart testvinnar, medan MG IM6 sikra seg ein solid tredjeplass. Testen dokumenterer korleis elbilane faktisk presterer i kulde, med temperaturar godt under null.

Testresultata viser at:

  • MGS6 EV leverer svært god rekkevidd i vinterkulde
  • MG IM6 held stabil yting i nordisk vinterklima
  • Lite avvik mellom WLTP og faktisk rekkevidd
  • Effektiv batteristyring gir føreseieleg vinterkøyring

At MGS6 EV vann testen, betyr at modellen hadde det lågaste prosentvise avviket mellom oppgjeven WLTP-rekkevidd og faktisk oppnådd rekkevidd i ekstrem kulde. Dette indikerer effektiv batteristyring og godt samspel mellom drivlinje, varmehandtering og energisystem – avgjerande faktorar for elbilbruk om vinteren.

MG IM6 leverte òg svært sterke resultat. Med ein tredjeplass totalt stadfestar modellen at han kombinerer moderne elbilteknologi med stabil rekkevidd og effektiv energibruk, sjølv under krevjande vinterforhold med kulde, snø og varierande veggrep.

Tryggare elbilval med dokumentert vinterrekkevidd

Rekkeviddetesten blir rekna som ein av dei mest omfattande i sitt slag og gir eit realistisk bilete av korleis elbilar fungerer i norsk og nordisk vinter. For norske bilkjøparar gir dette eit langt betre avgjerdsgrunnlag enn WLTP-tal åleine, spesielt for dei som er avhengige av føreseieleg rekkevidd gjennom heile vintersesongen.

Testresultata viser at MG har utvikla elbilar som leverer påliteleg vinterrekkevidd i praksis – ikkje berre i laboratorium. Dette er eit viktig konkurransefortrinn i ein marknad der vintereigenskapar er avgjerande.

«At MG gjer det så sterkt i ein grundig vintertest, stadfestar at desse bilane er godt tilpassa reelle forhold på Vestlandet,» seier Peder Hagelund. «På Voss og i omegn kan temperaturen krype ned mot 20 minusgrader om vinteren, og då er det heilt avgjerande med effektiv batteristyring og stabil energibruk. Resultata viser at MG-modellane leverer føreseieleg rekkevidd og trygg yting, noko som gjer dei svært godt eigna for både kvardagskøyring og lengre turar i vårt lokale vinterføre.»

Momsgaranti ut februar

MGS6 EV

Fra kr. 409 379,-

Pris 1. mars, fra kr. 430 900,-

* Oppgitte rekkeviddetall er beregnet under testforhold. Tallene er kun ment for sammenligningsformål og gjenspeiler ikke nødvendigvis faktiske kjøreforhold. Den reelle rekkevidden kan variere avhengig av flere faktorer, som værforhold, kjørestil, kjøretøyets last og ekstrautstyr som monteres etter registrering.

** Tiden for 10–80 % lading gjelder ved bruk av en 150 kW lynlader under standardiserte testforhold. Faktisk ladetid vil variere avhengig av flere faktorer, inkludert – men ikke begrenset til – batteriets alder, ladeforhold, temperatur, eksisterende ladenivå, type lader og varighet av ladingen. Ladetiden vil øke ved bruk av ladere med lavere kapasitet. Tilgjengeligheten av 150 kW-kompatible ladere kan variere avhengig av lokasjon.

*** Momsgarantien vil dekke den foreslåtte økningen fra regjeringen i merverdiavgiften på ny beløpsgrense fra 300 000kr for alle MGS6 EV biler som blir registrert innen 01.03.2026. Momsgarantien dekker kun bilens pris og omfatter ikke norskmontert tilbehør som gummimatter, hengerfeste, vinterhjul og annet ekstrautstyr.

Snakk med ein bileigar

Har du spørsmål om korleis bilen er i bruk? No kan du chatte direkte med ein som har kjøpt han før deg og brukar han i kvardagen.

Få ærlege svar baserte på ekte erfaringar.

Bestill prøvekøyring

Eller kontakt oss om du har spørsmål

Nyheter

Langope hos Vossevangen Bil torsdag 12. februar

Torsdag 12. februar inviterer Vossevangen Bil til langope fram til kl. 19.00. Her får dei besøkande høve til å sjå og prøvekøyre MG S6 EV, MG sin nye elektriske SUV, modellen som nyleg kom aller best ut i NAF og Motor sin vintertest av rekkevidd. Bilen vert framleis levert med momsgaranti fram til 1. mars 2026.

Les meir…

Subaru Solterra – 10 års garanti og 0,5 % rente!

Vi feirar 50 år med Subaru i Noreg – med nye Subaru Solterra og 10 års garanti. Lån utan eigenkapital: 5 180 kr per månad, inkludert vinterhjul. 0,5 % rente / pris frå 562 900 kr.

Les meir…

MG4 kampanje

MG4 med sporty design, moderne teknologi og gode køyreeigenskapar. Rentekampanje på MG4 49 kWh – 0,99 % rente og vinterhjul inkludert. Pris frå kr 272.900,-

Les meir…