Ein akselerasjon som skil seg ut
Med ein effekt på 375 kW og eit dreiemoment på 725 Nm kan Cyberster gå frå 0 til 100 km/t på eksepsjonelle 3,2 sekund, dette er elektrisk kraft på sitt beste. Med ein integrert “Launch Control” kan du førebu deg på ei startoppleving medan du søkk tilbake i Cybersters ultrakomfortable seter.
Designa for ekte køyreopplevingar
Vi har optimalisert køyreopplevinga, slik at du enkelt kan veksle mellom RWD og AWD etter behov. Med eit ultralågt tyngdepunkt på 440 mm handterer Cyberster fart og momentum på ein imponerande måte.
"Ein slående, heilelektrisk roadster som lovar å vere like spennande som MG sportsbilar frå fortida."
– Carl Gotham, MG Advanced Design Director
38 min
Estimert ladetid (hurtiglader)
375 kW
Maksimal effekt (502 HK)
8 Høgtalarar
Bose lydsystem
Roadster AWD
MG Cyberster
- Rekkevidde opp til 443 km (WLTP)
- 503 hestekrefter
- Maks fart 200 km/t
- 0-100 km/t på 3,2 sekund
- Elektriske saksedører
- 8 BOSE høgtalarar
- 20-tommars alufelgar
Laga for å skilje seg ut
Skapt for å få pulsen til å stige, kombinerer Cyberster-interiøret banebrytande teknologi med ein estetikk og atmosfære inspirert av racerbilar. Synest du utsida imponerer? Vent til du set deg inn.
Cyberster er utstyrt med tre ulike skjermar – eit 10,25″ instrumentpanel, ein 7″ infotainment berøringsskjerm, og ein 7″ førarinformasjonskjerm – som saman gir deg all naudsynt informasjon med stil og eleganse.
Elektrisk sportsbil med firehjulstrekk
MG markerer sitt 100-årsjubileum med lanseringa av Cyberster – ein heilelektrisk sportsbil som tek det tradisjonsrike merket inn i ei ny æra. Bygd på suksessen frå MG4 og MG ZS EV, tek Cyberster eit dristig steg vidare med banebrytande teknologi og rå yting.
Med firehjulstrekk, moderne linjer og ein design som vekkjer oppsikt, er dette ein bil som både ser bra ut og leverer på vegen. Cyberster byr på ei unik køyreoppleving og blir samanlikna med sportsbilar frå både Porsche og Lamborghini – men til ein langt meir tilgjengeleg pris.
Her får du rett og slett ekstremt mykje bil for pengane – fullspekka med utstyr, yting og stil.
MG Cyberster Elegant design
MG Cyberster er inspirert av den ikoniske MGB Roadster og gjenskapar arven med ein moderne vri. Det elegante og aerodynamiske designet, kombinert med dei karakteristiske runde frontlyktene, gir bilen eit unikt uttrykk som både nikkar til fortida og peikar mot framtida.
Her møtest klassisk britisk sjarm og moderne formspråk i ein harmonisk og stilfull heilskap – ein tidlaus klassikar i ny drakt.