Planlegg service og eu-kontroll – spar penger og tid hos Vossevangen Bil

Vi vil no gje kundane våre ein ekstra god grunn til å planleggje i forkant: Bestiller du service og EU-kontroll to månader før, får du 20 prosent rabatt på arbeid.

– Dette er ein ordning som både kundane og me tener på, seier dagleg leiar hjå Vossevangen Bil. – Kundane får ein god rabatt, medan me får betre oversikt og kan planleggje ressursane våre meir effektivt.

Alltid plass til akuttbehov

Sjølv om planlegging løner seg, veit vi at uhell kan kome brått på. Difor har verkstaden på Vossevangen sett av kapasitet til akuttimar kvar einaste dag.
– Har du ei garantisak, eller har du kjøpt bilen hjå oss, får du i tillegg prioritet på desse timane. Me skal vera ein trygg stad å vende seg til, også når det hastar, forklarar verkstadsjefen.

Service på alle merker

Vossevangen Bil tek hand om service, reparasjonar og EU-kontroll på alle bilmerker. For dei som har litt eldre bilar, tilbyr verkstaden fleksibilitet i valet av delar:

  • Du kan gå for originaldelar
  • Eller du kan velja rimelegare alternativ, som passar betre til bilens alder og verdi

Ventetida brukt til noko nyttig

For mange er ventetid det mest frustrerande med verkstadbesøk. Vossevangen Bil har funne ei løysing: du kan låna kontorplass medan me jobbar på bilen din. Med tilgang til straum, nett og arbeidsro kan du halda fram med arbeidsdagen – i staden for å sitje på gangen og vente.

Servicepakke Pluss – komfort for hytteturen

For deg som kjøper ny bil hjå Vossevangen Bil, finst òg ei ekstra gunstig ordning: Servicepakke Pluss.
– Då tek me servicen medan du er på langhelg på hytta. Når du kjem att, står bilen ferdig, og i mellomtida har du hatt lånebil frå oss. Det skal vera enkelt og problemfritt å vera bilkunde hjå oss, smiler dagleg leiar.

Lokal tryggleik

Med kampanjar som gjev rabatt, fleksible løysingar for akuttbehov og eit fokus på kundane sin kvardag, vil Vossevangen Bil gjere bilhaldet enklare for folk på Voss og i bygdene rundt.
– Me ønskjer å vera eit verkstadtilbod som både er til å stola på og som gjev litt ekstra attende til dei som vel å bruka oss, avsluttar dagleg leiar.

Meld interesse

Eller kontakt oss om du har spørsmål

Nyheter

Bilutstilling på Smalahovesleppet

Kjøp ny bil hjå Vossevangen Bil under bilutstillinga på Smalahovesleppet komande laurdag mellom klokka 10 og 16, og få tre års service inkludert.

Les meir…

MG Lanserar MG IM5 og MG IM6

MG IM5 og MG IM6 er ikkje berre nye modellar – dei er starten på ein ny epoke for MG, med teknologi, design og yting som set ein ny standard for elektrisk mobilitet.

Les meir…

Vinterbilen Subaru Solterra

Hausten er komen, og då finst det ingen betre bil enn Subaru Solterra 2026. Lån utan innskot 4 668,- pr. mnd f.t. inkludert vinterhjul 0,5 % rente / pris frå 499 900,-

Les meir…